fredag 17. november 2017

Alt rundt



eg er ikkje redd for månen,
denne ukjente, runde kula
som skjuler så mange
mysterium – eller

kanskje er den berre sand,
steinar, aude ørkensletter
sirkulerande rundt
sin frodige storebror

nei, eg fryktar ikkje månen;
det er alt det andre
alt rundt,
det store, vide, endelause rommet –
som bles liv i det tause monsteret
alltid kvilande under fornufta


mandag 13. november 2017

Haustmorgon #5



som ustyrlege rakettar
susar fuglane forbi i lyset

eit sekund er dei der
så er dei borte

med tolmod ventar eg
på neste glimt av morgondansen



søndag 12. november 2017

Aleine #10




tre gongar i timen
sjekkar eg klokka
held den opp til øyret
stirrar på visarane

er sikker på at den har stoppa,
endå tikkelyden er der
og visarane flyttar på seg

så mange lange timar
før du kjem att